Tradisjonsbunden julefeiring
Eg er heldig. Eg har ein flokk som eg skal vere saman med i jula. God mat. Gje og få gåver. Samvær og kvalitetstid. Og, ikkje minst, mykje humor og latter. Ja, eg er heldig. Det er ikkje alle som har det slik. Mange gruer seg til jul fordi dei ikkje har nokon å vere saman med. Dei opplever ikkje forventning og glede knytt til jula. Desembermørket vert enno mørkare for dei som ikkje har nokon å feire jul med.
Me som har ein flokk og kan oppleve glede knytt til julefeiring, er gjerne veldig tradisjonsbundne. Det kan vere vanskeleg å skulle opne opp og sleppe inn nokon utanfor flokken. Me kan alle sende ein tanke til dei som ikkje er like heldige som oss sjølve, men kanskje me skulle vore betre på å gjere meir enn det? Våge å bryte med tradisjonen og gjere noko konkret for å sleppe inn dei som ikkje har nokon å vere saman med i jula?
Eg formulerer desse tankane som spørsmål, fordi eg sjølv er blant dei som alltid har hatt tradisjonsbunden jul. Det kan vere vanskeleg å bryte med tradisjonar, og særskilt juletradisjonane våre. Kvifor er det slik? Kvifor er det så høg terskel for å sleppe inn nokon utanfor flokken? Det er ikkje eit fasitsvar på dette. Men kanskje det er noko å tenke på for dei av oss som er heldige og kan feire tradisjonell jul med flokken vår?