Tristhet kan vere meir enn tristhet

18.12.2021

"Fokuser på det positive. Tenk på alt det gode du har i livet ditt. Tenk på alt du har å vere takksam for."

Dette er gode råd som er godt meint. Det er gode råd som kan vere til hjelp. Me har alle noko positivt og godt i livet. Noko som me har grunn til å vere takksame for. Og det å hente fram tankar om dette i tunge stunder, kan ofte vere til hjelp.

Tunge stunder kan vere så mangt. Alle har tunge stunder no og då. Me kan kjenne oss nedfor og triste grunna noko som har hendt. Me kan kjenne sorg over noko som tek slutt, og over å ha mista nokon som stod oss nær. Sorg er tristhet. Det er tristhet som blir utløyst av ei årsak. Sorg høyrer til det å leve. Me skal gje oss sjølve lov til å gå gjennom slik tristhet. Me skal la slike kjensler få komme. Me treng å kjenne på dei for å bearbeide, komme gjennom det og komme oss vidare. Men det er ikkje sunt å bli i det for lenge. Om sorga får for stor plass over lang tid, kan det bli vanskeleg å komme seg vidare. Men det finst ingen fasit på sorg. Det finst ingen fasit på kor lenge det er greitt å sørge. Dette er noko kvar og ein må kjenne på. Men før eller seinare treng me å komme ut av sorga. Me treng å finne att det kvardagslege med livet. Me skal vidare på livsvegen vår, trass i at det har hendt sørgelege endringar rundt oss. Og for å få til det, kan det vere til hjelp å finne attende til det positive og gode me framleis har i livet. Rette fokuset mot det.

Tristhet kan vere meir enn tristhet. Det kan vere meir enn sorg over å ha mista og tapt. Å kjenne seg nedfor og trist utan openbar årsak, kan vere depresjon. Depresjon er meir enn tristhet og sorg. Depresjon er ein diagnose. Det er ein psykisk sjukdomstilstand som er tyngre og mørkare enn tristhet og sorg. Det er ein tilstand der ein mister kontakten med kjensler som er knytt til det positive og gode som framleis er rundt ein i livet. Ein veit at det er der. Ein ser det og kan med intellektet vite at det er grunn til glede og takksemd. Men ein kan ikkje finne dei kjenslene. Ein kan berre kjenne tung og mørk tristhet. Fordi ein er deprimert. Og fordi det er slik depresjon er. Gode, velmeinte råd om å fokusere på det positive, tenke på det gode og det ein har å vere takksam for, er ikkje nok til å finne att kjenslene som er knytt til dette. For nokre kan slike råd gjere tilstanden enno meir vanskeleg. Dårleg samvit og skuldkjensle fordi ein ikkje kan glede seg og vere takksam for det ein har. Men eg seier ikkje at ein skal unngå å bruke slike råd. Den deprimerte kan ha godt av å bli minna på at det positive og gode framleis er der. Men det kan vere ein vanskeleg balansegang mellom påminning og å leggje meir byrde på den som har det tungt. Det er vanskeleg å vere den som står på utsida og berre vil det beste for den som er deprimert. Depresjon er vanskeleg. Det er vanskeleg for den deprimerte å vere i depresjonen, og det er vanskeleg for pårørande og andre å vite korleis ein best kan vere til støtte og hjelp. Det finst kunnskap om kva som generelt sett er gode metodar for å komme ut av depresjon. Og dette er metodar som virkar. Nesten alltid. Men slik eg ser det, er ikkje slik fagkunnskap ein absolutt fasit. Ein skal ikkje forvente at alle depresjonstilfelle utviklar seg slik som det står i lærebøkene.  Joda, det finst kunnskap om metodar som virkar. Men ein må hugse på at kvar og ein har sitt eige behov, og at nokre vil trenge kort tid og nokre vil trenge lang tid på å finne attende til kjenslene som er knytt til det positive og gode. Å gje den deprimerte tid og ikkje gje opp å vere ein støttespelar trass i at det kan sjå ut som det ikkje nyttar, er nok det beste rådet eg kan gje. Fordi eg veit at det er det som hjelper meg i depressive periodar.