Usynleg sjuk

15.09.2022

Å leve med kronisk sjukdom er for dei fleste ei utfordring. Mange kroniske sjukdommar er ikkje synlege for andre, og mange som har slike usynlege sjukdommar opplever å få kommentarar om at dei ser så friske ut. Slikt kan få dei til å føle seg mistenkeleggjort. Eg veit at det slett ikkje er uvanleg å få spørsmål om kvifor ein ikkje er i jobb når ein tilsynelatande kan fungere så bra. Dette kan vere veldig sårande for mange.

Å leve med kronisk sjukdom betyr ofte at ein har både gode og dårlege periodar. Har du tenkt på at det kan vere i dei gode periodane du ser desse menneska som du meiner fungerer godt nok til å til dømes vere i jobb? Har du tenkt på at det er periodar du ikkje ser så mykje til dei? For i dårlege periodar er dei gjerne lite ute blant folk. Me vil vel alle helst vere på vårt beste når me er ute saman med andre. Og til det treng me å ha litt overskudd og energi. Me treng å vere "påkobla" for å yte. Når menneske med kronisk sjukdom er i dårlege periodar, kan det vere for krevande å "koble på" for å yte og fungere saman med andre. Kanskje er plagene ein har for smertefulle og det er rett og slett ikkje krefter til det. Ein kan ha meir enn nok med å stå i det ein er plaga med.

Alle har dårlege dagar og dårlege periodar, med eller utan kroniske plager. Å ha ein dårleg dag har eit stort spekter. Kva ein opplever som ein dårleg dag er subjektivt. Me møter og håndterer utfordringar og sjukdomsplager ulikt. Ingen av oss er like. Det som eg definerer som ein dårleg dag for meg, vil kanskje ikkje vere det for deg. Og omvendt. Det blir aldri rett å måle seg opp mot andre, fordi det er så mykje me ikkje veit om kvarandre. 

Eg trur at dei fleste av oss kjenner eller kjenner til nokon som har kronisk sjukdom. Og eg vågar å påstå at dei fleste av oss har kunnskap nok til å vite at det finst mange kroniske sjukdommar som er usynlege for andre.

Så; har du tenkt på at det er i dei gode periodane du ser desse menneska fungere ute blant folk? Har du tenkt på at dei held seg heime  og ikkje viser seg så mykje når sjukdommen herjar i dei?

Tenk litt på det neste gong du tek deg i å meine noko om eit anna menneske -  som du eigentleg berre kjenner ein brøkdel av.