Vårt lille land

16.05.2021

17. mai. Nasjonaldagen. Me feirer landet vårt. Me feirer eit fritt, sjølvstendig og demokratisk land. Me lever i eit land utan krig og store katastrofer. Me kan feire at me bur i eit trygt og godt land.

Sidan mars i fjor har me likevel opplevd noko innskrenking i fridomen. Me har vore, og er framleis, ein del av ein verdsomfattande virus-pandemi. Me har levd med tiltak og reglar for å bremse spreiing av smitte. Me er vande med å ta frie val, gjere det me har lyst til, vere saman med dei menneska me ønskjer å vere saman med. Pandemien har påverka alt dette. Tiltak, reglar og forsakingar.

Men likevel: Me har det godt i landet Norge. Me er fri for krig og store katastrofer. Og sjølv om me framleis lever med smittevernstiltak mot spreiing av covid 19-viruset, kan me den 17. mai feire nasjonaldagen. I takksemd til dei som har gått føre oss og kjempa for eit fritt, sjølvstendig og demokratisk land, kan me feire og seie: 

"Gratulerer med dagen, Norge!"