Ventetid

27.08.2021

Eg ventar. Ventar og ventar. Eg har venta i nesten 10 månader på behandling av psykomotorisk fysioterapeut. Ei veldig lang venteliste. Ei veldig lang ventetid med dagleg kamp mot smertene. Eg klandrer ikkje klinikken som eg skal til. Eg forstår at ting tar tid når det finnes berre èin psykomotorisk fysioterapeut i heimkommunen min. Eg har sjekka i området i rundt, og eg har oppdaga at det generelt sett er få fysioterapeutar som har denne kompetansen.

Eg skulle ønskje at fleire ville ta ei slik utdanning. Eg er sikker på at det er stort behov for slik behandling. Eg trur at her finnes eit "mørketal" - at det er mange som ikkje forstår at dei ville ha nytte av psykomotorisk fysioterapi. Eg tru også at mange vegrer seg for å oppsøke denne formen for behandling, og det på grunnlag av dei fire bokstavane som danner ordet "psyk." Me er i året 2021, men dessverre er det framleis tabu knytt til dette.

Men.... Når eg må vente så lenge på å få komme til, betyr vel det at det er mange som vil ha psykomotorisk fysioterapi - at det er mange som har forstått samanhengen mellom kropp og sinn? Det er jo noko det, då. Det viser at det er mange som forstår, og vedgår at slik behandling kan vere til nytte.

Eg hadde behov for psykomotorisk fysioterapi den gongen eg tok kontakt med klinikken for nesten 10 månader sidan. Nesten 10 månader med dagleg kamp mot smertene. Men eg må vente. Vente til det blir min tur. 

Eg skulle ønskje at det var fleire psykomotoriske fysioterapeutar. Mange har fått augene opp for samanhengen mellom kropp og sinn, og behovet for fysioterapeutar med denne kompetansen aukar.

Eg ventar og ventar. Eg ventar på min tur. Eg har venta i nesten 10 månader. Tilstanden forverrer seg i den lange ventetida. Det er slitsomt. Men eg må halde ut, halde fast i håpet, og berre vente på å komme øverst på ventelista.

Så ein dag tar eg kontakt med klinikken. Og endeleg får eg ein dato for første behandling. Det er ei lette å vite at no er det berre nokre veker igjen med ventetid for meg.