Vis respekt, og få respekt

17.05.2022

Eg forstår at andre ikkje fullt ut kan forstå korleis eg har det. Andre menneske kan ikkje kjenne mine smerter. Dei kan ikkje sjå smertene mine heller.  Smertene er usynlege. Eg har kroppslege smerter og psykiske smerter, som ikkje er synlege. Det er ikkje lett for meg å skulle skildre med ord korleis smertene er. Når eg har periodar med høg grad av smerte og stort lidingstrykk, kan eg ofte ikkje seie anna enn at eg har det vondt og at eg treng ro. Det kan godt hende at andre menneske ikkje heilt trur på meg, og ikkje kan forstå. Men det får så vere. Eg kan ikkje styre over andre sine tankar og oppfatningar. Eg kan bli frustrert og skuffa dersom eg møter slike haldningar. Men eg let det ikkje få gnage i meg. Eg kan ikkje bruke krefter på det. Eg treng kreftene til å tåle smertene og gjere det som er rett for meg for å komme meg gjennom det. 

I det store og heile har eg oppleving av å bli møtt med respekt når eg må bryte inngåtte avtalar. Når eg må utebli frå aktivitetar og sosiale samvære. Når eg ber om ro. Men som sagt; eg kan ikkje styre andre sine tankar og oppfatningar, og det kan veldig godt hende at folk seier saker og ting som ikkje når meg. Men det eg møter, det eg oppfatter, kjennes som regel respektfullt. Og det er det viktigste for meg.

Ingen av oss kan fullt ut forstå og kjenne korleis andre har det. Men me kan respektere kvarandre. Også når me ikkje forstår. 

Viser du respekt for andre, får du respekt tilbake.