Ein dag for feiring. Feiring av fridom og sjølvstende. Ein dag for glede og takksemd. Men også ein dag for ettertanke. Krigar herjar andre stader i verda. Store tap på grusomme vis. På ein gledens dag i vårt lille land, kan me også ta oss tid til å reflektere. Gje ein tanke til dei som opplever grusomme forhold, dei som...

Me kjem alle til ulike vegskilje på livsvegen. Kanskje me ynskjer endring og vil prøve nye vegar. Kanskje oppstår det noko som krever nye retningar for at me skal komme vidare på livsvegen.

Å seie ja til noko. Noko som engasjerer. Noko som betyr noko. Å bidra og vere til nytte. Det føles bra for oss menneske. Men det er viktig å setje sine personlege grenser, og lære seg å ikkje seie ja til meir enn det ein har kapasitet til.

Ein ny veg

01.02.2024

Eg har teke stega inn på ein ny veg. Ein veg som eg hadde sett der framme ei stund. Men det tok tid å komme dit. Det er ein ny veg som gjev meg nye opplevingar i møte med nye menneske, og eg lærer noko nytt.