Eg ser fargane

02.10.2023

Noko har skjedd. Det har skjedd noko inni meg. Ei lette i kjenslene mine. Eg kan sjå fargar i tilværet. Tåka har letta. Den indre tåka som har gjeve tilværet gråfarge, har letta. Eg er lettare til sinns. Livsvegen opnar seg i fargar. Og i det ligg det håp. Håp om å få leve i eit tilvære som har fargar. ...

Eg har mykje å vere takksam for. Og det er eg. Eg er takksam for mykje i livet mitt. Men likevel; nokre gongar tenkjer eg på korleis det ville vere å vakne om morgonen utan smerter og hodepine. Kanskje få èin dag utan....? Eg hugsar ikkje korleis det var. Eg tenkjer på når eg sist var utan desse smertene....

Eg vil så gjerne, men klarer ikkje. Eg vil meir enn eg klarer. Eg forstår det. Eg kjenner på kroppen at eg ikkje alltid klarer det eg vil. Nokre gongar stoppar det av seg sjølv grunna sterke smerter. Så, ja; eg forstår at eg ikkje alltid klarer det eg vil. Eg forstår at eg ikkje klarer det same som...