Ein god dag. Ein plan for dagen. Ei liste med gjeremål. Pågangsmot og vilje. Lyst til å få ting gjort. Ein god dag kjenslemessig. Men...kroppen vil ikkje i dag. Klare signal frå kroppen. Sterke smerter. Smerter som eg veit vil auke om eg ikkje lytter til kroppen. Det veit eg fordi eg har mange erfaringer på det. Eg veit...

Når nokon spør oss om korleis det går, svarer me gjerne at det går litt opp og ned. For slik er det jo for oss alle. Det er periodar der ein har det bra. Føler seg bra. Opplever gode ting i livet. Men det vil også vere periodar som ikkje er bra. Periodar med motgang og vanskar. Periodar der...

Eit steg opp

28.04.2023

Det er vår. Lysare tider. Fleire timar med dagslys. Mørke kveldar må vike for våren sitt lys. Eg kjenner at det gjer noko med meg. Meir dagslys. Solskinsdagar. Naturen vaknar til liv att. Det påverkar meg. Eg kjenner ei lette i sinnsstemningen. Å leggje merke til lyset, sola og naturen som spirer og og gror - å kjenne at eg...

Det finst dagar som verkar meiningslause. Dagar der ein vert innhenta av sine helseplager. Litt som å "møte veggen." Tom for krefter. Nedstemt. Ute av stand til å ta grep om situasjonen. Det minste av gjeremål kjennes uoverkommeleg. Dagen kjennes lang. Timane går seint. Ventar på at dagen skal ta slutt. Legge seg og kvile i nattesøvnen. Og vakne...