Me opplever alle å ha både gode og dårlege dager. Og me kan oppleve brå endringar og store kontrastar mellom dei gode og dei dårlege dagane. Tankane og kjenslene våre vert påverka av det som hender rundt oss. Me reagerer på ytre faktorar. Og me reagerer ulikt. Men både gode og dårlege dagar er noko me alle har.

Nokre gonger må ein gje seg over og akseptere at kropp og sinn treng kvile. Nokre gongar kostar det for mykje å prøve og mobilisere når det eigentleg ikkje er krefter til det. Nokre gonger må ein meistre erkjenninga av at ein ikkje meistrer. Det er ikkje eit nederlag. Det er ikkje å mislykkast. Det er å ta kropp...

Eg har lang fartstid med psykiske helseplager. Eg kan mykje om det. Eg har lært mykje om eigne utfordringar og om psykisk helse og uhelse generellt.

Året 2022 er snart over. Eg kan ikkje seie at det har vore blant mine beste år. Det har vore mange og lange periodar med helsemessige utfordringar. Periodar med sterke smerter. Kroppslege plager som ikkje kan gjerast noko med. Dei blir ikkje bedre. Tvert om, så er prognosen ei gradvis forverring. Eg har byrja å merke det i året som har gått. ...