Det gjer godt når eit menneske i hjelpeapparatet ser og forstår. Eit menneske som ser kva eg treng. Eit menneske som ikkje fokuserer så mykje på den der "fake it til you make it" - greia, men seier at det er greitt å berre vere der eg er no. At det er greitt å bruke tid før neste steg.

For nokre veker sidan tok eg til meg erkjennelsen om livet mitt ikkje kan vere som før. Eg kunne erkjenne at det å prøve og strekke seg etter alt det eg gjorde før, skaper negative kjensler. Men å komme til ein slik erkjennelse betyr ikkje at eg utan vidare var klar til å stake ut ein ny kurs på livsvegen...

Å erkjenne at det som var ikkje kan bli igjen. Å erkjenne at helseplager tvingar fram livsendring. Livet kan ikkje bli som det var. Eg kan ikkje bli den eg var. Å akseptere det er ein tung veg å gå. Det starter med at eg erkjenner. Erkjenner at eg må leve med dei helseplagene og smertene eg har. Og akseptere at livet ikkje kan bli som det var....

Usynleg sjuk

15.09.2022

Å leve med kronisk sjukdom er for dei fleste ei utfordring. Mange kroniske sjukdommar er ikkje synlege for andre, og mange som har slike usynlege sjukdommar opplever å få kommentarar om at dei ser så friske ut. Slikt kan få dei til å føle seg mistenkeleggjort. Eg veit at det slett ikkje er uvanleg å få spørsmål om kvifor ein...