Eg forstår at andre ikkje fullt ut kan forstå korleis eg har det. Andre menneske kan ikkje kjenne mine smerter. Dei kan ikkje sjå smertene mine heller. Smertene er usynlege. Eg har kroppslege smerter og psykiske smerter, som ikkje er synlege. Det er ikkje lett for meg å skulle skildre med ord korleis smertene er. Når eg har periodar...

Nokre dagar får *tommel-ned*. Eg likar dei ikkje. Det har ingenting med andre menneske eller omstende rundt meg å gjere. Det er heilt personleg. Det handler om mine eigne helseplager. Det handler om at nokre dagar er lidingstrykk i helseplager av ein slik grad at eg ikkje kan fungere. På slike dagar har eg nok med å tåle og vere...

Dei gode periodane er så viktige. Å kunne kjenne at ein har det bra. At ein har kapasitet til ulike gjeremål, til aktivitet og samvær med andre. Å kunne vere meir deltakande i livet og få opplevingar som gjer ein godt. Oppleve at ein kan ha ein meir vanleg kvardag. Ta til seg av det gode ein møter. Kjenne...

Rammer i livet

02.03.2022

Det er ikkje lett å akseptere at kroniske helseplager lager rammer i livet. Det er ikkje lett å akseptere at helseplager avgrensar og avgjer kva ein kan og kva ein ikkje kan, og når.